Bergen Fjordtur 2019

Bergen FjordTur er ein turmarsj/løp på ca. 27 km. Traseen går frå Fløyen til Knarvik Senter. Store delar av turen følger den gamle postvegen og fortset på fortau/veg/sti over Norhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til Knarvik Senter. Dersom du ikkje vil gå heile turen, kan du starte frå IKEA i Åsane (14km).

Tur med fløybana opp til Fløyen er ink. i påmeldinga.